Fredags- og Onsdagsgolf -og dugnad

Ny sesong, nye muligheter til å prøva, eller berre være sosial

Me prøver å ha fast speledag Onsdag kl 18:00 og Fredag kl 10:00

Har du lyst å prøva?
Har du ikkje køller, kom likevel så får du låne hos oss.

Me set i gang med dugnad 1 mandag i månaden. Kl 10.30 og kl 18:00
Medlemmene tek med seg ryddesag, rive el og møter opp.  Då er det rydding og slått rundt utslag, bekkefar, steingarder og andre plasser det trengs for å gjere banen betre. Møt opp!

Vinnar vinterserien Simulator

Vinnar av Vinterserien på Golfsimulator er kåra

Oddvin Flornes stakk av med seier, med Ole Rosvold, Sveinung Aaarskog og Helge Hauge på dei neste plassane. Banen dei spelte i finalerunden, var av den vanskeleg typen, Wentwort West Course.

Me gratulerer. Og kjem attende med ein lengre serie utpå hausten.

God sommar.