O-Tour Lag

Edvard Tysnes og Jan Vaage gjorde reint bord i dagens lagturnering i golf over 9 hol. Dei vann brutto med 44 slag og netto med 31 slag. Me spelte backnine med speleform Foursome.

Gratulerer til Edvard og Jan ! ?

Resultatliste her:

Neste turneringer vert M-Tour 8 P&P mandag 12. august og O-Tour 8 (golf over 9 hol) onsdag 14. august. Begge med start kl 10.00 og 17.00. Turneringane kan også spelast i forkant, sjå terminliste for info.

M-Tour lag

‘Haustsesongen’ opna i dag med lagturnering i pitch & putt. Svært jamnt i kampen om sigeren på bruttoresultat. 3 lag med lik score, 54 slag. Etter nokre hols omspel vart rekkefølgen klar med Reidar Aarskog og Jan Vaage som vinnarar. På nettoresultat vann Jens Flornes og Vidar Lid med 47 slag.

Gratulerer ! ? ?

Resultatliste her:

På onsdag vert det lagturnering i golf over 9 hol dersom banen er klar for dette.
Dersom ikkje, køyrer me ei eller anna form for lagturnering i pitch & putt utan startkontigent.

Tysnesfest Open 2019

Dalen Golfbane – Tysnesfest Open – strålande sol – blide ansikt. Betre vert det ikkje ! ?

Turneringa vart spelt som netto slagspel over 18 hol der Halvard Dalsgård frå heimeklubben til slutt tok ein klar siger. ??

Premie også til beste spelar brutto som vart Helge Liland med 81 slag.

Dei 3 beste vart

Halvard Dalsgård, 60 slag

Trygve Arntsen, 65 slag

Jens Flornes, 65 slag

Tysnes golfklubb gratulerer og takkar alle deltakarar for ein kjekk dag på banen !

Resultatliste her

Les meir