Vinnar vinterserien Simulator

Vinnar av Vinterserien på Golfsimulator er kåra

Oddvin Flornes stakk av med seier, med Ole Rosvold, Sveinung Aaarskog og Helge Hauge på dei neste plassane. Banen dei spelte i finalerunden, var av den vanskeleg typen, Wentwort West Course.

Me gratulerer. Og kjem attende med ein lengre serie utpå hausten.

God sommar.

Offisiell opning av Simulator

Me har gleda av å invitera deg til offisiell opning/open dag på Golf Simulator

Me opnar dørene Søndag 13 februar kl.14:00 og held på til ca kl 18:00. 
Har du lyst å prøve? Kom då vel, det vert ingen krav til VTG kurs, og gratis for alle. Me har og køller både til dame og herre.
Du vil bli instruert korleis ein skal bruke både Simulator og eventuelt køller.

Simulator klar for bruk

Det er med glede me kan annonsere at vår nye golfsimulator no er operativ og klar til å ta imot alle som ynskjer å prøve.

Det har vore gjort eit fantastisk stykke dugnadsarbeid, primært av arbeidsleiar Jens, med god hjelp av Oddvin, Rasmus Atle, Arne og Jan. Dette har gjort at me har fått eit fantastisk rom og nye toalett.

Det hadde heller ikkje vorte noko av utan god hjelp av Atle og ikkje minst Ole-Kristian. Les meir