NM Senior 2019 Pitch & Putt

NM Senior 2019 Pitch & Putt – Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane
(Begge 18-hols rundar inngår, kvar for seg, i Norwegian Master lokalturnering).

Tidspunkt: Søndag 16. juni 2019 kl. 10.00

Meisterskapet vert spelt i 1 klasse som slagspel netto(HCP) over 2 rundar, begge på 18 hol. Aldersgrense for å kunna delta er at ein må vera fylt 50 år innan utgongen av 2019. Dette gjeld for både damer og menn. Les meir

Speleformer Lagspel

Foursome:

Laget spelar på 1 ball pr hol
Lagets spelarar slår ut på annakvart hol, og deretter annakvart slag på same ball til ballen er i holet

Greensome:

Modifisert form av Foursome
Begge  spelarar slår ut på kvart hol og vel deretter kva ball dei spelar vidare på. Den som ikkje slo den valde ballen, slår det andre slaget. Deretter spelar ein som Foursome

Fourball/Bestball:

Begge på laget spelar sin ball.
Beste resultat i laget på kvart hol, er teljande