Klubbmesterskap Pitch og Putt

Den tolvte og siste måndagsturneringa blei avvikla i brukbart spelevær, sjølv om regnet sjølvsagt måtte blanda seg inn i siste delen av runden.


Deltakarane frå Tysnes GK blei òg med på klubbmeisterskapet. Her blir den beste nettospelaren klubbmeister som i år blei Arne Dalsgård. Gratulerer så mykje

Resultatliste Tysnestour 12 finn du her

Resultatlista Klubbmesterskap finn du her

M-tour 11

Den 11..mandagsturneringa blei endeleg avvikla i brukbart ver.

Vinnarane blei Geir ove Rydningen (brutto) og Arne Dalsgård (netto). Gratulerer.

Tidspunktet for den siste turneringa der klubbmeisterskapet òg inngår, vil me koma tilbake til.

Premieutdeling for TysnesTour og SHL-Tour vil skje etter målgang.

NM Pitch og Putt 2018

Jens Hinderaker frå Kristornskogen GK vann klart NM 2018, med Rasmus Atle Dalen og Helge Liland på dei neste plassane. Gratulerer.

Den varmaste dagen så langt i år, la nok ein litan dempar på innsatsen i andre omgong. Ikkje for å klaga, men for oss litt opp i åra, er det ikkje så lett å halda på konsentrasjonen over to rundar i slik varme.

NM for seniorar er ei turnering der me premierer ut frå netto reultat, men beste spelar i brutto blir òg premiert. I år blei det Frank Vidar Johnsen frå Sola GK.

Resultatlista finn du her