O-Tour lag Juni

Helge Liland og Jan Gunnar Tufta vann dagens O-Tour lagturnering golf over 9 hol brutto med 39 slag. Jens Flornes og Jan Vaage tok fyrste premien netto med 31 slag.

Gratulerer ! Resultatliste 

Dårleg med bildetaking for tida så her kjem eit som viser den eine av bruttovinnarane og den eine av nettovinnarane i ein annan idrett – banedugnad. ?

NB !!!!! Ikkje gløym påmelding til NM Senior pitch & putt, som går søndag 16. juni.

Speleformer Lagspel

Foursome:

Laget spelar på 1 ball pr hol
Lagets spelarar slår ut på annakvart hol, og deretter annakvart slag på same ball til ballen er i holet

Greensome:

Modifisert form av Foursome
Begge  spelarar slår ut på kvart hol og vel deretter kva ball dei spelar vidare på. Den som ikkje slo den valde ballen, slår det andre slaget. Deretter spelar ein som Foursome

Fourball/Bestball:

Begge på laget spelar sin ball.
Beste resultat i laget på kvart hol, er teljande

O-Tour 4

Reidar Aarskog og Arne Dalsgård vann hhv brutto og netto i dagens O-Tour 4, golf over 9 hol. Gratulerer ! ??

Topp 3 brutto
Reidar Aarskog, 40 slag
Oddvin Flornes, 40 slag
Vidar Lid, 44 slag
Les meir