Pitch & Putt

Tysnes GK saman med Kristornskogen GK har ei Sunnhordlandsturnering gåande gjennom heile sesongen. Turneringane våre går måndagar kl.10.00 og 17.15 og Kristornskogen har sine turneringar torsdagar til same tid.

Sjå Turneringsplanen HER.

 

NETTO og BRUTTO resultatliste for "SHL Touren"

________________________________________________________

 

NETTO og BRUTTO resultatliste for "Tysnestouren"

Torsdag 14.sept blei den nest siste "Tysnestouren" og "Klubbmeisterskapet" spelt på ein regnvåt og tung bane.

 

Helge Hauge blei klubbmeister medan Anders Langeland vann dagens "TysneTour".

Det knytta seg òg stor spenning til kven som ville vinna den nydelege slirekniven som Nils Olav Hustad for andre år på rad har gitt oss. Den heldige vinnaren blei Arne Dalsgård.

Resultat: Klubbmeisterskap, Netto og Brutto

Spenninga er stor før den siste turneringa mandag 18.sept. kl.17.15. Brødrene Flornes ledar så langt "TysnesTouren" medan Andres Langeland og Oddvin Flornes ledar "SHLtouren".

 

Gratulerer til Oddvin med tangering av banerekorden på 48 slag.

Han vann med dette den 12."mandagstouren" både brutto og netto.

Resultatlista: Netto og Brutto

I nydeleg ver møtte fjorten glade golfarar opp på den ellevte "mandagstouren".

Anders Langeland frå Kristornskogen GK gjekk ein fantastisk runde med berre 48 slag. Gratulerer. Gratulerer òg til Knut Leite som vann netto score.

Resultatlista: Netto og Brutto

Den tredje siste turneringa blir mandag 11.sept.

19 spelarar møtte opp i strålande sommarver onsdag 9.august

Her er resultata: Netto Brutto

 

Hole in One for Jan Gunnar Tufta på hol 18 i siste måndagsturneringa før sommarferien. Gratulerer.

Dagens vinnar blei netto Jens Flornes med 50 slag og Geir Ove Rydningen med 55 slag brutto.

Resultatlista netto og brutto

Den 8.måndagstouren gjekk over to dagar.

Første samlinga på måndag gjekk som planlagt, men pga dårleg ver om ettermiddagen, blei denne samlinga utsett til onsdagen.

Dei tre beste netto blei Reidar, Atle og Oddvin

Dei tre beste brutto blei Reidar, Oddvin og Jan Åge

 

Resultatlista netto og brutto

Ny runde i "Måndagsgolfen" 12.juni.

Gratulerer til Vidar og Oddvin

 

Resultatlista: Netto Brutto

Ny flott dag på golfbanen måndag 5. juni med "hole in one" på hol to. Gratulerer til Oddvin.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Resultatlista: Netto Brutto

__________________________________________________________

To knallrundar til Oddvin Flornes i NM for seniorar 2017.

 

Turneringa gjekk over to rundar i strålande ver. Ikkje så enkelt å halda konsentrasjonen gjennom begge rundane, men det greidde Oddvin som scora godt på begge. Gratulerer.

Gratulerer òg til Reidar Aarskog og Nestor Putian med "hole in one" på hol 9 og 17

 

 

Resultatlista

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

____________________________________________________________

Flott oppmøte måndag 29. mai med 24 deltakarar til start.

Dei fyrste 10 i tett skodde og dei siste 14 i strålande sol. Mykje god golf å sjå med mange gode resultat.

 

Dei 3 beste brutto:

1. Morten Hillestad, 51 slag

2. Anders Langeland, 52 slag

3. Geir Ove Rydningen, 52 slag

 

Dei 3 beste netto:

1. Morten Hillestad, 47 slag

2. Jens Flornes, 49 slag

3. Ole Kristian Dalen, 51 slag

 

Heile resultatlista: Netto Brutto

 

______________________________________________________________

Gratulerer til Helge Liland og Oddvin Flornes for best netto og brutto score på turneringa 22.mai.

Gratulerer òg til Jan Åge Sande for hole in one på hol 18.

 

 

 

 

 

 

Netto resultatliste. Brutto resultatliste

___________________________________________________

Etter at banen vart lagt litt om, har me fått ein ny banerekord.

Den fekk Jan Åge Sande på mandagstouren 8.mai med 49 slag, 5 under par. Gratulerer. Det lengste holet er no på 90m.

______________________________________________________________

I strålande 1.mai ver kunne me ynskja 33 golfarar velkomne til mandagsturneringa vår. (Sjå turneringsplanen)

 

Det var svært gledeleg å sjå så mange spelarar frå Kristornskogen GK. Tre av desse trona òg på toppen. Gratulerer så mykje. Neste turnering blir torsdag 4.mai på Kristornskogen, medan vår turnering blir måndag 8.mai.

 

21 våryre golfarar stilte til start på årets første turnering 2.påskedag i strålande solskin.

 

Dette var ei uhøgtidleg lagturnering med ein Quick lunsj som premie til det beste laget. Dei tre beste laga hadde lik poengsum og etter omspel på hol 18 trekte Ole Kristian og Rune det lengstre strået. Gratuelerer.

 

Resultatlista finn du HER

2016 sesongen

Ein lenge etterlengta banerekord vart sett av Sveinung Aarskog med fantastiske 48 slag brutto og "Hole in one" på hol 18 av Reidar Sakseide ! Kunne ikkje fått ei betre sesongsvslutning enn dette !

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klubbmeisterskapen gjekk på nettoresultat og dei 3 beste vart:

Nr. 1: Sveinung Aarskog, 45 slag

Nr. 2: Jens Flornes, 50 slag

Nr. 3: Jan Blom, 50 slag

 

Resultatlista finnn du her

 

Tysnes Golfklubb gratulerer så mykje og takkar for ein kjempekjekk sesong !

Vonar me ser dåke alle igjen til våren !

Ein stjerneklar himmel sette ramma rundt ei svært spesiell golfoppleving.

 

Nattgolfen i år blei som i fjor ei stor oppleving for dei tjue golfarane som møtte opp.

Dette er ei svært uhøgtidleg lagturnering med liten stressfaktor. Det er likevel kjekt å få ein god score og prøva å hevda seg i toppen. I år gjekk førstepremien til Jens Flornes og Helge Hauge. Me seier takk til Joker Uggdal for flotte premiar. Heile resultatlista finn du her.

 

 

 

 

 

Anders Langeland, Jan åge Sande og Arne Strandenes, alle frå Kristornskogen GK gjorde reint bord i Tysnescuppen. Gratulerer til alle.

 

Det meste var avgjort før den siste turneringa i Tysnescuppen gjekk av stabelen søndag 25.sept. I flott ver kunne det ikkje bli noko anna enn eit svært vellukka arrangement med heile 21 deltakarar.

I tillegg til pokalar til dei beste, vanka det òg ein fin knivpremie til Vidar Lid på loddtrekning. Han blei forøvrig nr. to i netto score. Kniven fekk me i gave frå Nils Olav Hystad. Tusen takk for den fine sjølvsmidde gåva.

 

Etter tre teljande rundar blei resultata slik:

Brutto:

Vinnaren blei Anders Langeland med 153 slag tett fulgt av Jan Åge Sande med 157 slag og Arne Strandenes med 160 slag.

Netto:

Her blei Arne Strandenes vinnaren med 151 slag. Han slo Vidar Lid som òg fekk 151 slag men med høgare hcp. Arne Dalsgård kom på tredje plass med 155 slag.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå venstre ser me Thomas Leknes og Atle Andersland ( nr. 3 og nr 1 netto i dagens turnering) Jan Åge Sande, Anders Langeland og Arne Strandenes.

 

Vinnaren i dagens turnering:

Brutto: Anders Langeland med 52 slag

Netto: Atle Andersland med 48 slag

 

Heile resultatlista finn du her

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile 29 spelarar stilte til start i den nest siste turneringa i "Tysnescupen" og "Order of Merit".

I strålande spelever blei det mange gode resultat. Arne Strandenes tangerte banerekorden med 40 slag, og vann med dette både netto- og brutto score.

Det var ikkje berre Strandenes som skein som ei sol. Det var det og mange andre som gjorde, og me fekk mange gode tilbakemeldingar på eit svært vellykka arrangement. Håpar på god deltaking på den siste turneringa òg.

 

Dei tre beste i brutto score blei:

Nr.1 Arne Strandenes, Kristornskogen GK med 50 slag

Nr.2 Sveinung Aarskog, Tysnes GK og Ivar Bergstø, Kristornskogen GK, begge med 53 slag

 

Dei tre beste i netto score blei

Nr 1. Arne Strandenes 47 poeng

Nr.2 Finn Størkson Kristornskogen GK, 48 poeng

Nr.3 Sveinung Aarskog, 49 poeng

 

Heile resultatlista finn du her

 

 

Den siste turneringa blir

laurdag 24.sept.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tysnes GK kunne ynskje Stord GK og Kristornskogen GK velkomne til den første av tre turneringar i Ryder Cup for lag søndag 15.aug.

 

Berre eit halvt poeng skilde Stord og Kristornskogen frå første og andre plass, medan me havna langt nede på resultatlista. Stord GK vann med 10,5 poeng, Kristornskogen GK fekk 10 poeng, medan Tysnes havna på tredje og siste plass med 3,5 poeng.

Me takkar for eit hyggeleg besøk, og ser fram til neste turnering på Stord golfbane om ei veke.

 

 

Søndag 14.august tangerte Jan åge Sande banerekorden med ein score på 50 slag.

I det store og heile blei det mange gode resultat denne dagen. Av dei nitten golfarane som møtte opp, blei det mange som overraska seg sjølve og andre med godt spel.

Sjølv om det hadde striregna i mange dagar før turneringa, var greenane overraskande fine, noko som og påverka resultata.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er heile resultatlista

 

 

Dei tre beste i netto score:

 

Frå venstre:

Nr.3 Jan Åge Sande, 50 poeng

Nr.1 Jens Flornes, 44 poeng

Nr.2 Arne Dalsgård, 48 poeng

Dei beste i brutto score:

 

Jan Åge Sande 50 poeng

Geir Ove Rydningen, Jens Flornes og Jan Vaage, alle med 46 poeng

Laurdag 21.mai møtte 17 golfarar opp til den andre turneringa i Tysnescupen. Som de ser gjorde medlemmer frå Kristornskogen GK nesten reint bord. Gratulerer så mykje

 

 

 

Dei 3 beste brutto:

Nr.1, Anders Langeland, 51 slag

Nr.2, Arne Strandenes, 56 slag

Nr.3, Jan Åge Sande, 57 slag

 

Alle frå Kristornskogen GK.

 

 

 

 

 

 

Dei 3 beste netto:

Nr.1, Vidar Lid, Tysnes GK, 49 slag

Nr.2, Anders Langeland, 52 slag

Nr.3, Arne Strandenes, 52 slag

 

 

 

 

 

Resultatlista finn du HER

________________________________________________________________

Mai Open Tysnes (1) Pitch & Putt OoM

 

Det vart ei kjempeflott turnering i strålande vårsol! 21 deltakarar møtte til start med fjorårets norgesmeister i spissen.

 

Fleire gode scorar vart oppnådd og vinnaren tangerte sin eigen banerekord på 50 slag. Anders Langeland leiar også Order of Merit (norgescupen) etter dagens turnering. Dei 3 beste pr. 30/6 er kvalifisert til å delta for Norge i årets VM.

 

 

Dei 3 beste bruttoresultata i dag:

 

Nr.1: Anders Langeland, Kristornskogen GK, 50 slag

Nr.2: Jan Åge Sande, Kristornskogen GK, 51 slag

Nr.3: Oddvin Flornes, Tysnes GK, 55 slag

 

 

 

 

 

 

 

Dei 3 beste nettoresultata i dag:

Nr.1: Helge Hauge, Tysnes GK, 47 slag

Nr.2: Torben Carlsen, Kristornskogen GK, 48 slag

Nr.3: Vidar Lid, Tysnes GK, 49 slag

 

 

Her er den fullstendige resultatlista

 

Tysnes Golfklubb gratulerer vinnarane og takkar for nok ein super golfdag.

 

_________________________________________________________________

Laurdag 23.april blei ei minnerik oppleving for alle 24 som deltok i "Vestlandsmeisterskapet"

i Pitch and Putt.

 

Dagen starta med tett snødrev og me måtte utsetja starten ein halv time før greenane vart spelbare. Heldigvis betra veret seg utover dagen og me fekk gjennomført første runde i nokolunde bra ver. Etter halvgått andrerunde, kom sjølvsagt ei kraftig snøbyge som førte til ein times ufrivillig pause. Men summa sumarum kom me vel i hamn, og me fekk mange gode reultat som de vil sjå ut frå resultatlista.

 

Gratulerer til vestlandsmeister Andreas Lande frå Bryne GK.

Me gratulerer òg Geir Ove Rydningen, Kristornskogen GK med 2.plassen, og Arne Strandenes,også frå Kristornskogen GK med 3.plassen.

 

Me premierte òg dei tre beste i netto score, "hole in one" og "nearest to pin". Me takkar Byggeriet som sponsa oss med flotte premiar.

 

Helge Liland fekk "hole in one" i første runde medan Geir Ove Rydningen fekk to i siste runde. Gratulerer til begge to.

 

Seks glade golfarar

 

Frå venstre ser me Torben Carlsen (nr.1 netto)

Geir Ove Rydningen (nr.2 brutto)

Andreas Lande (Vestlandsmeister)

Arne Strandenes (nr.2 brutto) og (nr.3 netto)

Arne Dalsgård (nr.2 netto)

Reidar Aarskog (closest to pin)

 

 

 

 

 

 

Nyt bilda frå ein flott og vermessig vekslande golfdag.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Neste turnering blir laurdag 7.mai.

2015 sesongen

"Dette må me gjera igjen til neste år", var gjengs oppfatning for alle dei atten som deltok på nattgolfen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

For dei fleste var dette ei ny oppleving. Å spela golf i totalt mørke var ein spennande og spektakulær aktivitet som så absolutt må inn som ei fast avslutning på sesongen. Alle spelarane fekk utlevert ein lysande ball, og utstyrt med hovudlykt kunne me sikta oss inn mot eit opplyst flagg på greenen. Ikkje så enkelt i starten, men etter kvart fekk me tak på det, og dei fleste spelte over all forventning. Ballane lyste godt opp og var lette å finna igjen sjølv om dei havna i elva eller ut i terrenget. Det er mykje enklare å sjå ballbanen med lysande ballar i mørket enn med vanlege ballar på høglys dag.

I år blei det lagspel i P&P, kanskje kan me prøva det same i langgolf til neste år.

Me takkar alle for ein fin golfrunde og ein spesiell takk til Joker Uggdal som sponsa oss med premiar.

Første premien gjekk til Linda Flornes og Gøran Aaknes. På andre plass kom Arne Dalsgård og Helge Hauge og på tredje plass kom Lars Sorknes og Sveinung Aarskog. Her er heile resultatlista.

 

Fleire bilder

PS: Banen er framleis open for spel

 

Laurdag 5.sept arrangerte me den siste turneringa i Pitch & Putt 2015.

 

Turneringa tel og med i "Tysnescuppen" og "Order of Merit"

Heile tjue golfarar stilte opp, gjevnt fordelt på Tysnes GK og Kristornskogen GK.

Det var skarp kniving i toppen med mykje godt spel.

Ein spesiell gratulasjon går til Ole Rosvold som fekk "hole in one" på hol 7

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Reidar Aarskog vann brutto score med 53 poeng, medan Oddvin Flornes blei nr. to med 55 poeng og Jan Vaage tok tredjeplassen også med 55 poeng.

 

Netto score vann Jan Vaage med 48 poeng, tett fylgt av Reidar Aarskog med 49 poeng og Arne Strandenes med 50 poeng.

Resultatlistene finn du her

 

I Tysnescuppen brutto score vann Oddvin Flornes med 53,3 poeng. På dei neste plassane kom Anders Langeland også med 53,3 poeng og tredjeplassen gjekk til Reidar Aarskog med 54,7 poeng.

Resultatlista finn du her

 

Jan Vaage vann førstepremien i

Tysnescuppen netto score

med 48 poeng. På dei neste plassane kom

Oddvin Flornes med 49,3 poeng og

Reidar Aarskog med 50,3 poeng.

Resultatlista finn du her

 

Gratulerer til alle.

Berre elleve medlemmer stilte opp til årets klubbmeisterskap i Pitch & Putt.

 

Men dei som møtte opp fekk ein fin golfdag sjølv om veret ikkje var heilt topp. Baneforholda var bra tross mykje nedbør dei siste dagane.

 

Klubbmeister blei Helge Hauge med 46 poeng netto. På dei neste plassane kom Carl Ottar Olsen, 49 poeng og Jan Blom, 50 poeng. Me gratulerer.

 

Resultatlista finn du her

 

 

 

 

 

 

 

 

I varmt og vått sommarver stilte 21 golfarar opp til den fjerde turneringa i "Tysnes open".

 

Denne augustdagen blei det "hole in one" på Leknes på hol 5. Ikkje nok med det tok han seieren både i brutto og netto score. Gratulerer.

 

 

 

 

Brutto resultat

Nr.1 Hans Petter Leknes TGK 53 poeng

Nr.2 Anders Langeland KGK 54 poeng

Nr.3 Geir Ove Rydningen KGK 54 poeng

Netto Resultat

Nr.1 Hans Petter Leknes 49 poeng

Nr.2 Helge Hauge TGK 50 poeng

Nr.3 Geir Ove Rydningen 52 poeng

 

 

 

Flotte skor til tross. Dei hjelpte ikkje Jan Åge heilt til topps i dag. Men neste gong........

 

Me seier nok ein gong takk til alle deltakarane og ynskjer alle velkommen tilbake til den siste cupturneringa 5.sept.

 

Resultatlista finn du her

 

 

25.juli gjekk den tredje turneringa i "Tysnescupen" av stabelen.

 

Heile 24 deltakarar møtte opp til dyst, og det blei premiering både i brutto og netto score. Som de vil sjå av resultatlista var det mange tilreisande som òg møtte opp. Mellom dei to NM- vinnarar. Kjekt å kunna bryna seg mot dei beste.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Resultat brutto Resultat netto

Nr. 1 Jan Åge Sande, 52 slag Reidar Aarskog, 49 slag

Nr. 2 Anders Langeland, 53 slag Oddvin Flornes, 50 slag

Nr. 3 Oddvin Flornes, 53 slag Knut Mikal Leithe, 50 slag

 

Jokerpremiane gjekk til Oddvin Flornes for "closest to pin" på hol 1 og gåvepremiar til Jan Åge Sande og Bernt Kristian Nerland. Det vart ingen "hole in one," så den premien ligg over til eit seinare høve.

 

Tysnes Golfklubb takkar Joker Uggdal, som er ein av sponsorane våre, for fine premiar og gratulerer alle vinnarane.

 

Takk òg til alle deltakarane for nok ein fin golfdag!

 

Resultatlista finn du her

 

 

Endeleg ei turnering i bortimot sommarver.

 

Femten golfarar møtte opp til dyst denne sommardagen. Svært geledeleg at så mange som seks av desse kom frå Kristornskogen GK. Turneringa inngår i "Tysnescupen". Vinnarane av denne cupen blir dei som har best resultat i tre av fem turneringar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I cupen er det premiering i både brutto og netto score.

 

I brutto score blei Oddvin Flornes (TGK) nr.1 med 54 poeng medan Jan Vaage (TGK) kom på andre plass med 55 poeng. På tredje plass med 57 poeng kom Jan Åge Sande (KGK)

 

 

d Her er dei tre beste i brutto score:

Frå venstre

Jan Vaage, Oddvin Flornes og Jan Åge

Sande. Jan Åge har spelt mange gode

turneringar i år og er no klar for EM i

Nederland.

 

 

I netto score vann Jan Vaage med 45 poeng medan brødrene Oddvin og Jens Flornes blei nr. to og tre med henholdsvis 50 og 51 poeng.

 

 

Her er dei glade vinnarane

 

 

 

 

 

 

Du finn heile resultatlista her

 

Velkommen til neste turnering i P&P laurdag 25.juli ____________________________________________________

 

 

 

Her er dei seks beste frå venstre:

 

Reidar Aarskog, Svein Rundhovde, Hallvor Grov, Jens Flornes, Helge Hauge og Jonny Huse

 

Vergudane var med oss då det første NM i P&P for seniorar med hcp gjekk av stabelen laurdag 6.juni 2015.

 

Me sjekka "yr" både titt og ofte dagane før NM. Det såg ikkje lovande ut, men heldigvis vakna me til eit strålande golfver som heldt seg gjennom begge rundane. Sjølv etter all nedbøren i forkant, var baneforholda gode. Og med topp motiverte golfarar vart dette ei minnerik oppleving for alle.

 

Eit slikt arrangement burde appelera til fleire, då alle spelarar på ein god dag kan klyva høgt opp på resultatlista.

 

1.premien på 2000 kr gjekk til Svein Rundhovde (Tysnes GK) med 96 poeng

2.premie på 1000 kr gjekk til Reidar Aarskog (Tysnes GK) med 97 poeng

3.premie på 500 kr gjekk til Hallvor Grov (Kristornskogen GK) med 98 poeng

Deretter kom Jens Flornes (TGK), Helge Hauge (TGK) og Jonny Huse (KGK). Alle med 100 poeng, men fordelen går til den med lågast hcp.

Gratulerer til alle.

 

Heile resultatlista finn du her

 

Det var sett opp ein ekstra premie på 2000 kr til den med best brutto poengsum. Her hadde Frank Vidar Johnson (Sola Golfklubb) og Reidar Aarskog begge 107 poeng. Etter omspel på hol 18, gjekk Reidar av med seieren. Gratulerer.

 

Tysnes GK takkar alle for ein flott dag, og håpar på nye NM også i framtida.

Laurdag 2.mai gjekk årets første Pitch and Putt turnering av stabelen.

 

Nitten kampklare og smilande golfarar kjempa om heder og ære i strålande vårver. Turneringa inngår òg i "Tysnes-cuppen", der dei tre beste resultata i løpet av sesongen tel med.

 

Oddvin Flornes og Anders Langeland (Kristornskogen GK) fekk lik brutto poengsum, men etter reglane blei Oddvin kåra som vinnar.

 

Dei tre beste i brutto score blei:

Oddvin Flornes 53 p, Anders Langelandn 53 p og Ole Rosvold 54 p.

 

Dei tre beste i netto score blei:

Ole Rosvold 46 p, Ole Kristian Dalen 47 p og Oddvin Flornes 48 p

 

Heile resultatlista finn du her

 

Me gratulerer, og ser fram til neste turnering som blir NM for seniorar 6. og 7.juni.

 

2014 sesongen

20.sept. blei sesongens siste Pitch & Putt turnering spelt under vanskelege speletilhøve med kraftig regn og mykje vatn på banen.

 

20 spelarar frå Kristornskogen GK og Tysnes GK kjempa seg gjennom turneringa på ein beundringsverdig måte.

 

Dagens resultat blei:

Brutto:

Nr. 1: Kenneth Vika, Kristornskogen GK, 55 slag

Nr. 2: Oddvin Flornes, Tysnes GK, 57 slag

Nr. 3: Jan Åge Sande, Kristornskogen GK, 59 slag

 

Netto:

Nr. 1: Espen Fylkesnes, Kristornskogen GK, 45 slag

Nr. 2: Oddvin Flornes, Tysnes GK, 53 slag

Nr. 3: Hans Langeland, Kristornskogen GK, 53 slag

 

Tysnescuppen er no avslutta etter fem rundar, der dei tre beste rundane vart teljande. Det dårlege veret såg ikkje ut til å spela negativt inn på vinnaren, som runde etter runde har vist seg svært stabil. Oddvin Flornes vann cuppen samanlagt, både brutto og netto. Klubben er svært stolt over å ha ein spelar som greier å hevda seg så godt, spesielt mot gode spelarar frå Kristornskogen golfklubb.

Me takkar alle golfarane for vel gjennomført cup og ynskjer alle velkommen til ein ny sesong i 2015.

 

Dei tre beste i årets cup blei:

 

Bruttoresultat:

Nr. 1: Oddvin Flornes, Tysnes GK, 166 slag

Nr. 2: Jan Åge Sande, Kristornskogen GK, 172 slag

Nr. 3: Reidar Aarskog, Tysnes GK, 182 slag

 

Nettoresultat:

Nr. 1: Oddvin Flornes, Tysnes GK, 151 slag

Nr. 2: Ole Kristian Dalen, Tysnes GK, 153 slag

Nr. 3: Ole Rosvold: Tysnes GK, 154 slag

 

Her er heile netto og brutto resultatlista for dei tre beste rundane

 

Dei tre beste i netto score: Dei to beste i brutto score:

Frå venstre Ole Dalen, Oddvin Flornes og Ole Rosvold Oddvin Flornes og Jan Åge Sande.

Reidar Aarskog var ikkje til stades.

 

Ryder cup 2014 mellom Tysnes GK, Stord GK og Kristornskogen GK

 

Cuppen gjekk over tre dagar der me spelte på dei ulike banane.

 

Her er resultata:

 

Mandag 8.sept Kristornskogen GK 11p Stord GK 9,5p Tysnes GK 3,5p

Onsdag 10.sept 5,5p 8p 4,5p

Mandag 15.sept 8,5p 6,5p 3p

 

Kristornskogen GK vann turneringa med 25p medan Stord GK kom på andre plass med 24p og Tysnes GK blei sist med 11p.

Me gratulerer

 

 

Her er vinnarlaget frå Kristornskogen GK

 

 

_________________________________________________

Det vart ein tøff ettermiddag for tysnesingane som møtte svært gode motstandarar i dagens "Ryder Cup" turnering på Dalen Golfbane.

 

Konkurransen går over tre dagar. Den første var på Dalen golf 8.nov., medan dei to neste blir på Stord golfbane 10.nov. og på Kristornskogen 15.nov.

 

Kristornskogen GK, med to EM-deltakarar på laget, vart beste klubb med 11 poeng.

På andre plass kom Stord GK med 9.5 poeng, medan Tysnes GK kom på siste plass med 3,5 poeng.

Fleire av våre tapte kampar var med ørsmå marginar, så med von om stor poengfangst, ser me fram til neste runde onsdag 10.nov på Stord.

 

Me takkar alle 24 deltakarane for god og humørfylt innsats .

 

 

Laget til Kristornskogen GK

Laget til Tysnes GK

Laget til Stord GK

 

______________________________________________________________________________________________________

Klubbmeisterskapet blei vunnet av Carl Othar Olsen, mens Vidar Lid og Jan Vaage følgde tett på. Sjå heile resultatlista her

 

Vidar imponerte alle med sin flotte andreplass. Han viste gode takter berre etter nokre veker med golftrening. Dette viser at handicapsystemet fungerer etter intensjonen, og at og ein nybyrjar på ein god dag kan slå dei etablerte medlemmane i klubben.

Gratulerer til Oddvin Flornes og Ole Rosvold for nok ein god runde. Denne gong i "August Open"

 

Dei ligg no begge godt an til å vinna Tysnescupen der det gjenstår to turneringar.

 

Heile 20 spelarar frå ulike klubbar møtte opp til turneringa denne dagen under glimrande forhold på ein velstelt bane i strålande golfver.

 

Me takkar alle som møtte opp og ser fram til klubbmeisterskapet laurdag 30.aug. Denne turneringa tel ikkje med i cupen.

 

Bruttoresultatet for dei tre beste:

 

1. Oddvin Flornes, Tysnes GK, 56 slag

2. Jan Åge Sande, Kristornskogen GK, 56 slag

3. Ole Rosvold, Tysnes GK, 57 slag

 

Nettoresultatet for dei tre beste:

 

1. Ole Rosvold, Tysnes GK, 46 slag

2. Ole Kristian Dalen, Tysnes GK, 47 slag

3. Helge Hauge, Tysnes GK, 49 slag

 

Juli open i Pitch and Putt blei vunnen av Reidar Aarskog med 59 slag brutto og Jan Vaage med 47 slag netto.

 

Me gratulerer vinnarane og takkar samstundes alle deltakarane for nok ein hyggeleg og spennande dag på golfbanen.

 

Resultata finn de på "Pitch and Putt handicap system"

 

 

 

 

Ei vellukka turnering for dei over 50

 

Turneringa gjekk over to dagar. Onsdag 11.juni spelte me på Kristornskogen og avslutta måndag 16.juni på Dalen.

Sigeren gjekk til Jonny Huse medan Leif Rune Gravdal og Reidar Aarskog følgde på dei neste plassane.

Dette blei ei svært vellukka turnering som utan tvil bør vidareførast. Takk til Kristornskogen for eit godt samarbeid.

Heile reultatlista finn du her

_______________________________

 

 

Gratulerer til Oddvin Flornes for ein svært god runde i Pitch & Putt turneringa 26.juli.

 

Brutto resultata for dei tre beste er:

 

1. Oddvin Flornes, Tysnes GK 53 slag

2.Jan Åge Sande, Kristornskogen GK 57 slag

3.Hans Petter Leknes, Fana GK 58 slag

 

Netto resultat for dei tre beste er:

1. Oddvin Flornes, Tysnes GK 47 slag

2. Trygve Arntsen, tysnes GK 50 slag

3. Jan Åge Sande, Kristornskogen GK 53 slag

 

Me takkar alle for ein flott innsats i nok ei varm turnering. Deltakarane kom frå Haugesund i sør til Sotra i nord.

 

Heile resultatlista finn de under Pitch and Putt handicapsystem.

 

 

Pitch & Putt turneringa 9.juni 2014

 

Det var godt oppmøte i finveret, og 23 golfarar kjempa om sigeren som gjekk til Sveinung Aarskog (58 slag brutto) og Reidar Aarskog (53 slag netto).

Det vart ein gjevn kamp om dei gjevaste prisane, og fleire spelarar pusta dei i nakken, både frå Tysnes Golfklubb og Kristornskogen Golfklubb.