Bane

I strålande sommarver, men på ein regntung bane, blei klubbmeisterskapet og siste "TysnesTouren" for året avvikla.

 

Atle Andersland vann "TysnesTouren" med 117 poeng. På 2.plass kom Jens Flornes med 114 poeng medan 3.plassen gjekk til Oddvin Flornes med 109 poeng. Du finn heile reultatlista over

 

Klubbmeister 2017 blei Sindre Tysnes med 42 poeng. Deretter kom Atle Andersland og Anders Aarskog Nesse. Begge med 40 poeng. Atle gjekk føre med lavast hcp.

Gratulerer til alle. Resultatlista finn du HER

 

Endeleg kom godveret slik at me kunne avvikla august open under fine fohold

 

Gratulerer til Atle Andersland med heile 38 poeng i August open. På dei neste plassane kom Oddvin Flornes med 36 poeng og Helge Hauge med 35 poeng

 

Resultatlista finn du her

Heile 32 golfarar hadde meldt seg på "Tysnesfest Open"

 

Dagen starta med overskya ver med lovnad om litt regn, men då konkurransen starta blei det nydeleg golfver. Det var deltakarar frå heile ti klubbar som nok ville få med seg ei golfturnering i tillegg til Tysnesfest sine arrangement. Kjempekjekt å ta mot gjester frå andre klubbar, spesielt når me fekk lovord for banen og arrangementet. Dei tre beste i dag blei Jan Blom, Tysnes GK med 34 poeng føre Gisle Lavik, Fana GK med 33 poeng og Magne Andersen, Preikestolen GK med 32 poeng.

Resultatlista

Gratulerer til Sindre Tysnes med heile 38 poeng netto. Synd han var gått då bileta blei tekne.

Sjølv om veret ikkje var på vår side, var det likevel mange som var fornøgde med det dei presterte.

På førsteplass kom Sindre, 38 poeng, Oddvin, 36 poeng og på tredje plass med 34 poeng finn me Jan Gunnar

 

 

Heile resultatlista

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Søndag 21.mai stilte fjorten golfarar frå Tysnes GK og Kvinnherad GK til start i flott golfver.

Gratulerer til Jens som nok ein gong drog sigeren i havn med eit kjempegodt resultat.

 

Du finn resultatlista HER

 

Tre glade vinnarar

Etter lang tid med regn og vind, var banen no klar for å ta mot nitten golfarar med håp om å få ein god start på sesongen.

 

Om dette lykkast er ei anna sak, men me gratulerer Jens Flornes som fekk ein god start med heile 40 poeng. På andre plass kom broder Oddvin med 34 poeng og tredje plassen gjekk til Helge Liland, òg med 34 poeng.

Heile resultatlista finn du her

2016 sesongen

Den siste turneringa blei eit klubbmeisterskap i tillegg til avsluttning av "Tysnescuppen".

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Me gratulerer Jens Flornes med seieren i Tysnescuppen og Atle Andersland som blei ein soleklar vinnar i klubbmeisterskapet.

Resultatlist frå Tysnescuppen finn du her

Resultatlista frå klubbmeisterskapet finn du her

 

Kva er bedre enn "hole in one" som avsluttning på ein god golfsesong. Denne bragden stod Trygve Arntsen for på hol tre. Eit par tre hol på heile 140 meter. Gratulere så mykje

Ti golfarar møtte opp på ein regntung golfdag måndag 1.august.

Sjølv om veret ikkje var det beste, blei resultata ikkje så verst. Jens Flornes fekk heile 43 poeng, og tok med dette ein soleklar siger.

Resultatlista finn du her

Frå venstre

Nr.2 Ole Rosvold med 36 poeng

Nr. 1 Jens Flornes med 43 poeng

Nr.3 Reidar Aarskog med 32 poeng

For første gong måtte me setja tak på deltakarar i ei turnering.

Interessa for å vera med på "Tysnesfest Open" var så stor at me måtte auka talet på deltakarar frå 24 til 30. Med andre ord fekk me eit "luksusproblem" som likevel ikkje hindra spelet nemneverdig.

Her var golfarar frå seks ulike klubbar, men sjølvsagt flest frå heimeklubben.

 

Seieren gjekk til Jens Hinderaker med 38 poeng, medan Hans Petter Leknes, Tysnes GK og Steinar Stølsnes, Bjørnefjorden GK kom på dei neste plassane, begge med 37 poeng.

Her er heile resultatlista

Tre glade vinnarar med "Tysnesfest" sine fine trøyer.

Frå venstre Hans Petter Leknes, Jens Hinderaker og Steinar Stølsnes

Glade golfarar i aksjon

Fin turnering i strålande ver.

 

 

Elleve deltakarar møtte fram til den andre turneringa i "Tysnes cupen" .

Dei tre beste blei Atle Andersland med 33 poeng. Deretter kom Trygve Arntzen og Vidar Lid. Begge med 32 poeng. Heile resultatlista finn du her

 

På ein våt og grå ettermiddag møtte ni golfarar opp på den første turneringa i 2016.

 

Sjølv om veret ikkje var heilt på vår side, sette ikkje dette nokon dempar på spelegleda. Turneringa inngår i "Tysnescuppen" der dei tre beste av fem rundar blir teljande.

Som de ser av reultatlista har brødrene Flornes alt sikra seg ei god plassering med Atle Andersland like bak. Resultatlista finn du HER

 

 

 

 

2015 sesongen

Tretten klubbmedlemmer stilte opp til klubbmeisterskapet 2015 i vekslande ver.

 

Hyggeleg å kunna gratulera Jan Blom som klubbmeister med heile 43 poeng netto. På dei neste plassane kom Oddvin Flornes med 38 poeng og Jan Vaage med 35 poeng.

 

Heile resultatlista finn du her

 

 

 

 

Gratulerer til Arne Strandenes frå Stord GK som vann "August Open" med god margin.

 

Veret var på vår side denne dagen, og heile tjue spelarar møtte opp til den fjerde turneringa i Tysnescuppen. Fire klubbar var representert.

 

 

Her er vinnaren Arne Strandenes med 40 poeng til høgre. Carl Othar Olsen TGK blei nr. to med 36 poeng medan Jan Gunnar Tufta KGK blei nr. tre med 35 poeng. Han var ikkje til stades då bildet blei teke.

 

Resultatlista finn du her

 

 

 

 

 

Rekorddeltaking i "Tysnesfest Open"

Heile 27 golfarar møtte opp til dyst denne torsdagen. Så mange har det ikkje vore på noko turnering tidlegare. Det var svært hyggeleg at golfarar frå heile åtte klubbar var representert. Håpar dei alle sette pris på arrangementet, og me ynskjer dei velkommen tilbake ved eit seinare høve.

 

Me gratulerer vinnaren som blei Hans Langeland, Stord GK med 46p. På dei neste plassane kom Jan Åge Sande, Stord GK med 40p og Oddvin Flornes, Tysnes GK med 34p

 

Her er resultatlista Samla resultatliste i "Tysnescuppen"

Gratulerer til vinnarane av juni open.

 

Frå venstre Oddvin Flornes nr.2

Ole Rosvold, nr.1

Carl Othar Olsen , nr.3

 

Du finn resultatlista for "Tysnescupen" her

Helge og Jens Flornes gjekk av med seieren i lagkonkurransen 23.mai.

 

Carl Othar Olsen og Vidar Lid kom på andre plass medan Sindre Tysnes og Jan Gunnar Tufta kom på tredje plass.

Me gratuerer og ynskjer velkommen til neste turnering som blir NM i Pitch & Putt 6. og 7. juni

 

Resultatlista finn du her

 

_________________________________________________________________________________

Søndag 3.mai møtte ti lokale golfarar opp til "Mai Open".

Denne turneringa er årets første som inngår i Tysnes-cupen 2015, der dei tre beste resultata blir teljande ved sesongslutt.

 

Me hadde sjølvsagt ynskt at fleire kunne vore med på denne flotte turneringa i strålande solskin og gode baneforhold. Men det opnar seg nye muligheter laurdag 13.juni.

 

Dei tre beste i dag blei Ole Kristian Dalen med 36 poeng fylgt av Jan Vaage, 32 p og Oddvin Flornes, 31 p. Carl Othar Olsen hadde og 31 poeng, men tapte på høgare handicap

 

Her er resultatlista

________________________________________________________________________________

Langfredag møtte heile 22 spelarar opp til ei uhøgtidleg lagturnering (TexasScramble) i strålande påskever.

 

Sjølv om vinden til tider var litt sur, la det ingen dempar på golfgleda.

 

Dei tre beste laga blei:

Nr.1 Geir Ove Rydningen og Atle Mathisen, Kristornskogen GK 42 slag netto

Nr.2 Ole Rosvold og Oddvin Flornes, Tysnes GK, 48 slag netto

Nr.3 Jan Åge Sande og Rune Strandenes, Kristornskogen GK 49 slag netto

 

Me gratulerer vinnarane som kvar fekk heder og ære og ein KvikkLunsj.

 

Takk til alle og velkommen tilbake

 

Resultatlista finn du her

 

Dei 3 beste laga.

Frå venstre: Oddvin Flornes, Geir Ove Rydningen, Atle Mathisen, Jan Åge Sande og Rune Strandenes. Ole Rosvold var gått då bilete vart teke.

2014 sesongen

Laurdag 27 sept. gjennomførte Tysnes Golfklubb den siste turneringa for i år.

 

Tretten golfarar, alle frå Tysnes GK, kjempa om sigeren i til dels heftige regnbyger og med mykje vatn på banen. Dette la imidlertid ikkje nokon nevneverdig dempar på spelehumøret.

 

Dagens runde blei vunnen av Jan Vaage med 35 poeng, tett fylgt av Reidar Aarskog med 34 poeng og Oddvin Flornes med 33 poeng.

 

Dette var òg siste turneringa som inngår i Tysnescup Open Stabelford. Her tel dei tre beste av i alt fire turneringar med.

 

Me gratulerer vinnarane og alle deltakarane med ein flott innsats for i år, og ser fram til ein ny flott golfsesong.

 

Dei tre beste i årets cup blei:

Nr. 1 Jan Vaage, 107 poeng

Nr. 2 Ove Rosvold, 104 poeng

Nr.3 Jens Flornes, 99 poeng

 

Heile resultatlista finn du her

 

_______________________________________________________

 

 

 

15 golfarar møttest til dyst i strålande sommarver for å kåra ein klubbmeister i Stabelford over 18 hol.

 

Det blei ein jevn kamp i toppen der fleire spelarar kunne gått av med sigeren viss berre "lykka hadde stått dei bi".

 

Den heldige vinnaren blei Jan Blom med 35 poeng tett følgt av Jan Vaage og Jens Flornes, begge med 34 poeng, der Jan tok 2.plassen med lågast handicap.

 

Neste turnering blir laurdag 27.sept. Denne turneringa er ein del av Tysnes golfklubb cup.

 

_________________________________________________________________________________________

12 golfarar møtte fram til turneringa "august open." stableford over 18 hol.

Alle frå Tysnes golfklubb. Sjølv om me fekk ei regnskur og to, var det perfekt golfver.

 

Dei tre beste fekk alle 37 poeng, men den med lågast handicap vann.

 

Nr. 1: Jan Vaage 37 p

Nr. 2: Jan Blom 37 p

Nr. 3: Ole Rosvold 37 p

 

 

Neste turnering blir klubbmeisterskapet søndag 31.august. Denne turneringa blir ikkje ein del av Tysnescupen.

 

______________________________________________________________________________________

23 golfarar frå ulike klubbar møtte opp denne strålande dagen til "Tysnesfest open".

 

 

Me henta fleire feststemte deltakarar til "Tysnesfest" som kom med båt. Slik kunne dei òg få med seg golfturneringa, noko som me sette stor pris på. Kjekt å helsa på "nye" golfarar. Får håpa dette gav meirsmak og at me får møta dei på Dalen fleire gonger.

 

Sjølv om varmen til tider nok var i heitaste laget, var det ein humørfylt og fin gjeng golfarar som "kjempa" seg gjennom ein runde på golfbanen. For dei fleste stod nok ikkje scoren i stil til innsatsen. Men Jens Flornes, Jøran Vørås og Atle Andersland takla varmen best, og vann med god margin. Jens Flornes fekk heile 48 poeng, Lars Vørås 41 poeng og Atle Andersland 35 poeng.

 

Gratulerer til alle for ein god innsats.

________________________________________________________________

 

Flott midtsommarturnering

 

Tysnes Open Midtsommerturnering – Lagspel

10 lag stilte til start i turneringa som vart spelt under fine forhold på ein velstelt bane.

Etter turneringa var det grilling og kaffikos.

Resultat frå konkurransen:

Nr. 1 Ole Rosvold og Oddvin Flornes, Tysnes Golfklubb, 48 poeng

Nr. 2 Sveinung Aarskog og Jøran Johansen Vørøs, Tysnes Golfklubb, 47 poeng

Nr. 3 Ole Petter Wickmann og Gerhard Runshaug, Bjørnefjorden Golfklubb, 41 poeng

 

Tysnes Golfklubb gratulerer og takkar alle deltakarane for ein fin golfdag.