Om klubben

Tysnes golfklubb held til på Dalen om lag 2,5 km frå krysset ved Uggdal skule.

 

Klubben rår over ein seks hols bane og ein 18 hols "Pitch & Put" bane.

Klubbhuset ligg i "fjøset". Her sel me sjokolade og brus, og sjølvsagt greenfee for dei som ynskjer å gå ein runde. Utanfor er det ein stor terrasse med utsikt mot havet i vest.

 

Har du aldri spelt golf, men har lyst å prøva, kan du ta kontakt med klubben for ein uforpliktande golfrunde. Viss du meiner dette virkar spennande og utfordrande kan du etter kvart ta "vegen til golf kurset" Du finn meir info her

 

Me har ei aktiv seniorgruppe som har samling om fredagane kl.10.00. Her samlast erfarne så vel som uerfarne til hyggelege golfrundar der det sosiale rundt kaffikoppen er like viktig som sjølve golfinga. Sjølv om det er flest seniorar på desse samlingane, er sjølvsagt alle velkomne.

 

Hotell og restaurant "Haaheim Gaard" og "Folgerøs hytter" ligg like i nærleiken av golfbanen.

 

Velkommen til golf i naturskjønne omgjevnader.

 

Kontonr. Tysnes GK: 3525.11.14682

 

 

Styret for 2017 er:

 

Oddvin Flornes, Frode Kleppe, Sveinung Aarskog, Ole Rosvold og Jan Vaage

Vara: Atle Andersland

Leiar: Jan Vaage

 

 

Årsmeldinga for 2016 finn du her