Nytt

OBS!

Ein junior (19 år) kan spela fritt når han spelar saman med ein vaksen som løyser ordinær greenfee.

 

Åtte ivrige menn frå Tysnes Brannvesen koste seg på golfbanen.

Dei fleste hadde aldri teke i ei golfkølle tidlegare, men det skulle ein ikkje tru når me såg kor talenfulle dei var. Me håpar sjølvsagt at denne positive opplevinga vil gje meirsmak slik at me får sjå dei igjen på banen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fleir bilder.

Koseleg besøk av 10.klasse frå Tysnes Ungdomsskule

 

Forventningsfulle og ivrige elevar møtte opp til ei uhøgtidleg innføring i golf. Dei ivrigaste viste gode takter både på driving rangen og greenen. No håpar me sjølvsagt på at fleire av dei vil koma tilbake for å prøva meir. Me treng fleire positive og ivrige jenter og gutar i klubben.

5.klasse ved Tysnes skule stråla i kapp med sola då dei besøkte golfbanen vår tysdag 16.juni.

 

Desse elevane var òg på besøk i fjor. Du finn dei igjen lenger nede på sida.

 

Det var kjekt å sjå kor dei kosa seg med golfen. Dei fekk prøva seg på driving range og putting på green. Sjølv om ikkje alle var like ivrige, var dei fleste svært fornøgd med eigen innsats og ville svært gjerne koma tilbake, noko me set stor pris på.

 

Du finn fleire gladbilder her

____________________________________________________________

Fredag 5.juni fekk me storfint besøk av 8.klasse ved Tysnes skule.

 

Elevane hadde store forventningar til sitt første møte med golfen. Dei viste ein fantastisk innsatsvilje som etter kvart førte til det eine blinkskuddet etter det andre. I tillegg til slag på driving range, fekk dei òg prøva seg på putting og innspel på green. Me ynskjer sjølvsagt å få sjå meir til desse fantastisk kjekke ungdomane på golfbanen vår på Dalen.

 

2014 sesongen

Hole in ONE for Ole onsdag 29.april.

 

På ein treningsrunde i P&P blei det hole in one for Ole på hol 10. Dette er det lengste holet, på 85 m. Ikkje nok med det,- han følgde opp med birdiar på dei to neste hola.

Ei kjekk oppleving for Oddvin og Jan som var så heldige å få vera vitne til dette.

 

Grattis

Tilsette ved Landbruk og teknisk etat fekk prøva seg med puttaren torsdag 18.sept.

 

Det var ein triveleg og oppglødd gjeng som vitja oss på golfbanen denne fine haustdagen. Her fekk dei prøva seg på driving range og innspel og putting på green. Mange hadde verkeleg talent for golf, og det var ikkje vanskeleg å sjå at dei kosa seg med nye utfordringar. Me ynskjer alle velkommen tilbake til nye slag og mykje sosial moro.

 

___________________________________________________________________________________________________

 

Mange flotte rekruttar til golfsporten!

 

Fredag kveld fekk Tysnes Golfklubb besøk av ein flokk kjekke lærarar frå Tysnes skule som var på ”Blåtur”.

Her fekk dei fyrst ein liten forfrisking saman med ei kort teoretisk innføring i golfens mysterier. Deretter vart det praksis innan både putting, chipping og lange golfslag. Imponerande mange talent på den skulen !!!

Tysnes Golfklubb takkar for både besøk og storarta innsats og ynskjer velkomen attende ved seinare høve !

 

 

 

 

 

 

Eit hyggeleg møte med golfen

 

For 14 dagar sidan var 3. og 4.klasse på golftur til Dalen. Dette gav meirsmak, og sidan veret var fint for ein halvtimes spasertur til Dalen, nytta 4.klasse høvet til å slå nokre fleire slag, og ikkje minst prøva "putting" på greenen.

Fleire av elevane viste stort talent, og ville lokka med seg mamma eller pappa for at dei òg kunne få prøva seg, i håp om at dei ville lika dette.

Me ynskjer sjølvsagt alle velkomne til ein "prøvetur" på banen.

 

 

 

 

 

 

Ein flott golfdag

 

Onsdag 4.juni inviterte Tysnes golfklubb 3. og 4.klasse ved Uggdal skule til ei flott golfoppleving på drivingrangen. Alle elevane storkosa seg i det fine veret, og mange viste eit stort talent for golf. Me håpar sjølvsagt at dette gjev meirsmak og at mange vil finna vegen tilbake til golfbanen vår.